Hei fine!
I dag har fine mammaen min klipt meg. Det var på høg tid, håret mitt har vore umulig å ha med og gjere i det siste. Så no er snart all permanent vekke, deilig! Ellers har starten på studietida mi gått greit, sånn passe travelt å komme inn i rutiner igjen, men det kjem seg sikkert etter kvart. Håpar dokke har hatt det fint sidan sist, skal prøve å komme inn i bloggrutiner igjen óg.
Hei fine! Her kjem dagens antrekk til dokke. Har på meg nye jeansen frå HM og ei eldgammal skjorte.




Hei flotte!
I dag fikk eg eit nytt smykke i posten. Bestilte det frå nelly.com, og det er så fint og enkelt. Kan bruke det til alt, superfornøgd!

Hei fine!
Er ikkje alltid like lett å vere på farten heile tida. I dag blei det til at eg måtte låne bukse med mannen sidan eg ikkje hadde noko anna enn ei skjorte og undertøy. Så då blei dette resultatet. Gledar meg skikkelig til å flytte no så alle kleda mine blir på ein plass, og eg veit kor alt er. Ellers sitt eg og kosar meg med sjølvplukka moreller og OL. Har eigentleg akkurat komt frå fysioterapi, DEILIG. Har ikkje hatt behandling sidan juni, så no var det på høg tid. Håpar dokke har en knalldag i sola! Snakkast <3
Jeans (Vegar sine) frå HM og skjorte frå Gina Tricot
I haust er, som mange av dokke kanskje har skjønt, burgunder den store trendfargen. Har satt i hop ein liten collage der eg viser korleis ein kan style den deilige haustfargen. Elskar at burgunderfargen kan brukast til alle stilar, frå rocka til klassisk.
Jeansen, Satchel, Caps, Sko og jakke frå Asos og tee frå Gina Tricot.
Ha ein nydelig fredagskveld <3
Hei dokke!
No er det jammen lenge sidan. Har igrunn ikkje noko unnskylding å komme med heller. Har skjedd ein god del sidan sist. Største nyheita er at eg snart flyttar til Ålesund og blir sambuar med min kjære. Har komt inn på Handels og Serviceledelse på Høgskulen i Ålesund. Ser utrulig fram til å komme meg litt vidare etter at eg har stått på stedet hvil altfor lenge no. Nyhet nr. 2 er at eg har vore på en herlig ferie i Nord Norge. Har kosa meg gløgg i hjel og har masse bilder å vise dokke.
Det aller første eg vil vise dokke er alt det fine som er på veg til meg i posten. Har vore kjempeflink jente å spare lenge no, og fann ut at det må vere lov å få seg litt nye klede til skulestart (det fikk eg i alle fall på barneskulen). I tillegg er ny “data” på veg i posten. I teorien er det eigentleg et nettbrett, men med tastatur blir det nesten som en data.
Alt er frå HM, dei har fått inn såå mykje fint no, kunne handla for altfor masse.
Skal prøve å stikke innom en tur i morgon og, men skal ein tur til Ålesund med et flyttelass. Snakkast <3
Hei fine!
Snakka om vesker : No har Nelly gåande ein konkurranse der ein kan vinne gåvekort på 10 000kr. Alt du treng å gjere er å designe di eiga veske. Dersom du vinner får du i tillegg sjansen til å få veska di seld på nelly.com. Kjempekult spør du meg. I tillegg får alle som deltar eit gåvekort på 50kr dersom ein handlar for over 300kr. Til dokke som ikkje vil delta sjølve kan sjølvsagt få stemme på mitt bidrag. Det finn du her. Konkurransen finn du her.
Bilde frå fjelltur forrige veke.
Lykke til då dokke <3