RUTH IREN RAUDI

Månad: april, 2012

Favorites: Sommerkjolar

Nastygal

Nastygal

Nastygal

Nastygal

Asos

Asos

Asos

Nelly

Zara

God helg <3

SATURDAY

Hei fine.

Har akkurat nytt ein heilt hærlig middag, biff og salat. Skikkelig laurdagsmiddag, det likar vi. Ellers har ikkje eg gjort så mykje i dag. Begynte å strikke ein genser til min kjære, har faktisk snødd (!) i dag, så har ikkje akkurat vore utevær. No blir det litt kaffi, så skal eg surfe litt å finne fram mine favorittkjolar til sommaren, så eg kan vise dokke seinare.

Ha en fin kveld så lenge <3

HELLO WORLD

God morgen alle sammen :-)

Jepp, god morgen. Eg forsov meg, eller sov lenge i dag. Gløymde å ta på alarmen i går, så då går det sånn. Trur kroppen trengde det eigentlig, sjølv om det knakk i alle ledd når eg røyste meg opp. No er det smoothie til frokost, og litt blogglesing. Så får vi sjå kva dagen bringer etter det, er ikkje så fint veir i dag, så det fristar liksom ikkje å trene heller. Kanskje eg ombestem meg.

Ha en kjempefin dag så lenge <3

HANDARBEID

No har eg akkurat komt heim frå ein spontan jentekveld. Koselig å berre sitte og prate skit med dei fine jentene mine. Blei ferdig med handarbeidet mitt i dag òg som dokke ser. Kjempefresh farge, vart veldig fornøgd! Kva dokke synst?


Måtte ta med eit bilde av den deilige kveldsen min òg, vart så svolta når vi var på veg heim, så mat i magen måtte til. Fruktsalat av banan, epler og mango + litt vaniljeyoghurt og kanel. Mmmm. Håpar dokke får ei kjempefin natt, eg skal i alle fall sove godt i natt kjenner eg. Sliten i kroppen. Snakkast i mora fine <3

 

 

 

SHOE CRAVINGS

Hadde eg hatt en utømmelig bankkonto skulle eg klikka heim desse:

Alle er fra Net-A-Porter.com

DET ER TORSDAGEN SIN DET

Hei dokke!

Håpar de har hatt ein like fin start på dagen som eg har. Stod opp klokka ti, støvsuga stova, kjøkken og bad + gonga. Så vaska eg rommet og badet mitt. Etter det var det rett ut å trene skrotten litt. No har eg gjort klart til pilates i stova. Har aldri prøvd det før, så gledar meg. Reknar med det blir gongsperre på plassar eg ikkje visste eg hadde i mora, men då veit eg at det har funka. Ellers så begynte eg på et handarbeid i går som eg håpar å få ferdig i dag, i så fall skal eg ta bilete og legge ut. Det ser veldig lovande ut enda i alle fall.

Snakkast <3

FASHION AGAINST AIDS

Tenkte eg skulle tipse dokke om Fashion Against AIDS kolleksjonen til HM. Årets kolleksjon er den beste så langt i mine auger, så den kjem til å bli riven fort vekk. I morgon (26.april) blir kolleksjonen lansert, så vil du sikre deg nokre godbitar må du vere rask, salget startar klokka 10.00.

Fashion Against AIDS blei lansert for første gong i 2008 for å øke bevisstheita om HIV/AIDS blant unge. I tillegg går 25 % av fortenesta til HIV/AIDS-forebyggande arbeid. Har du lyst å gjere meir enn å klikke heim kle frå kolleksjonen har HM ei kampanje gåande der du kan legge ut eit sussebilete, og dei donera 1 dollar. Vil du lese meir: http://campaign.hm.com/faa2012/.

Her er det eg har mest lyst på.

Ha ei kjempegod natt då dokke <3

NY HEADER

Då har eg fått bytta header, den første eg hadde var igrunn litt provisorisk. Vart ikkje heilt fornøgd med denne heller, men det får gå enn så lenge, så får vi sjå når eg orkar å lage til ein ny. Kan godt legge igjen eit pip om kva du syns. Dagen har stortsett gått med på å ta bilete og redigering. No ventar eg på at pappa skal kome heim så det blir middag, lukta deilig fisk i heile huset. Mmm.

I dag har eg tatt treningsfri, så får eg sjå i morgon om eg får komt meg ut ein tur då. Viss ikkje tenkte eg å prøve pilatesdvden til mamma. Erfaringsmessig blir det lite trening i helgane, så eg prøvar å få gjort unna det grovste i veka. Fredagen går som regel vekk på å klemme og susse på kjæresten min og lørdag/søndag likar eg å ta det heilt med ro.

Titta sikkert innom enda ein gong i dag <3 Snakkast då!

Mmmmmm

Good morning sunshines!

I dag låg eg berre og slumra alarmen min. Var så sliten, så no har eg igrunn akkurat stått opp og har laga meg en deilig smoothie. Tjukk og god, sånn eg likar den. Har ikkje nokon spesielle planar for dagen, så får sjå kva eg finner på. Tippar det blir sofa og data stortsett. Eller kanskje eg skal ta meg på tak å vaske rommet mitt.

Snakkast seinare <3

JUST MY LUCK

Hei igjen!

Har akkurat komt inn igjen etter ein liten trimmetur. Har stortsett gått i ett i dag. Jobb, Kroken, og ut på tur. No har eg satt meg ned med noko digg og skal sjå litt seriar. Har vore så uheldig å kutte meg på jobb idag, så peikefingeren på høgre handa er satt ut av spel dei neste dagane. Bra jobba Ruth! Uansett, ein skal ikkje gråte over spilt melk. Eller noko sånt. Håpar dokke får en kjempefin kveld og ei god natt, så snakkast vi i morgon <3

PS! Beklager for bildekvaliteten, iPhonen min er knust, så er ikkje alle bilda som blir like fine.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.