Hei flotte!
I dag har eg hatt ein kreativ start på dagen. Fann ein blogg for ikkje så lenge sidan som inspirerte meg veldig. Dama bak bloggen heiter Anna Ritar og er illustratør, bloggen finn du her. Så eg bestilte meg tusjar og skissebøker for ei tid tilbake og tenkte eg skulle prøve eg òg. Portrettet eg teikna er så og seie det same som eit av hennar, og tippar det blir fint å henge på veggen. Uansett veldig kjekt å prøve noko nytt.
Snakkast seinare <3
Hei fine!
No er det lenge sidan sist. Har rett og slett ikkje hatt tida til å blogge. I går stod eg opp, reiste på jobb, så fysio og deretter rett til Ålesund for å vaske ned og pakke siste rest. Ellers har vi stortsett berre køyrt heim igjen, akkurat komt inn dørene. Må berre få vise dokke nokon sko som er to die for. Dei er frå Givenchy og ein kan få tak i dei blant anna hos Net-A-Porter. Dessverre har dei ein latterleg pris på 10500kr.
Snakkast seinare <3
Hei fine!
Her kjem bileta eg lovde dokke, betre seint enn aldri. Måtte rett og slett nyte sola i dag, mens vi enda har ho, høyrer rykter om dårlegare vêr. Har forresten grava ferdig åkeren i dag og fått sådd frøa, så får vi berre vente og sjå. Hardt arbeid var det i alle fall.
Skal prøve å komme innom litt seinare <3
Hei fine!
Dagen har gått i eitt så har ikkje rukke å stikke innom før no. Har vore overalt i dag. Gjekk først ein liten fjelltur på Gråberg, så reiste vi rett på sjøen med båten til svigerfar. Passe grisenervøs ettersom Vegar aldri har køyrt den før, men det gjekk kjempefint. Ellers har vi grilla og kosa oss i sola i heile dag. No ventar en episode med Game of Thrones (KJEMPESERIE!) før landskamp. Kjeme innom litt seinare med bilder frå dagen.
Skjørt – Bikbok, T-shirt – Cubus, Klokke – River Island
Snakkast litt seinare <3
God morgon fine!
I dag sov eg litt lenger enn dei siste par dagane, var uansett ikkje så fint vêr i dag, så då gjor det liksom ikkje noko. Skal snart på et møte, men ville titte innom å seie hei. Håpar skydekket løsnar snart så vi får litt fint vêr i dag i det minste. Uansett skal vi nok grille i dag òg. Var utrulig godt i går, vi åt spareribs, lammekotelettar, potetsalat, grønn salat og heimelaga potetbåtar. Mmmm. Ingenting er så godt som å grille. Digg. Slengte med nokon bilder frå i går.
Ha ein nydelig dag så lenge, snakkast <3
1. Crossroads Dress 347,08,- (her) 2. Highway Denim Shorts 388,97,- (her) 3. Spot Stop Dress 418,89,- (her) 4. Moto Corset Dress 46,92,- (her) 5. Hannah Floral Romper 418,89,- (her) 6. Mulberry Rose Crown 448,81,- (her) 7. Studded Fringe Bucket Bag 347,08,- (her) 8. Chained Collar Necklace 119,68,- (her) 9. Zodiac Bracelet 287,24,- (her)
Håpar dokke kosa dokke like mykje som eg. Vore ute i heile dag, sett vekk i frå akkurat no. Måtte inn og kjøle meg ned, fikse litt snacks og blogge. Seinare blir det grilling, har gleda meg så lenge eg kan hugse til å grille, så det må bli bra. Bikinien er frå Victorias Secret om nokon lurte, får skikkelig gladfølelse av den.
Nyt dagen <3 Og tuusen takk for at dokke les bloggen min, utruleg kjekt!