Hei dokke!
No er det jammen lenge sidan. Har igrunn ikkje noko unnskylding å komme med heller. Har skjedd ein god del sidan sist. Største nyheita er at eg snart flyttar til Ålesund og blir sambuar med min kjære. Har komt inn på Handels og Serviceledelse på Høgskulen i Ålesund. Ser utrulig fram til å komme meg litt vidare etter at eg har stått på stedet hvil altfor lenge no. Nyhet nr. 2 er at eg har vore på en herlig ferie i Nord Norge. Har kosa meg gløgg i hjel og har masse bilder å vise dokke.
Det aller første eg vil vise dokke er alt det fine som er på veg til meg i posten. Har vore kjempeflink jente å spare lenge no, og fann ut at det må vere lov å få seg litt nye klede til skulestart (det fikk eg i alle fall på barneskulen). I tillegg er ny “data” på veg i posten. I teorien er det eigentleg et nettbrett, men med tastatur blir det nesten som en data.
Alt er frå HM, dei har fått inn såå mykje fint no, kunne handla for altfor masse.
Skal prøve å stikke innom en tur i morgon og, men skal ein tur til Ålesund med et flyttelass. Snakkast <3