Hei dokke!
No har eg omtrent akkurat satt meg i sofaen etter en liten trimtur. Hadde deilig grillmat til middag, koteletter! Min absolutte favoritt. No skal eg tappe meg eit varmt og godt bad før eg sett meg til rette med ein romantisk komedie på tven. Kosekveld, Vegar er rett utafor og bråkar med gravemaskin.


Skjorte - Gina Tricot, Jeans - Cubus, Belte – Eldgammalt, Sko – HM, Smykke – HM
Ha ein nydelig onsdagskveld <3
Håpar dokke kosa dokke like mykje som eg. Vore ute i heile dag, sett vekk i frå akkurat no. Måtte inn og kjøle meg ned, fikse litt snacks og blogge. Seinare blir det grilling, har gleda meg så lenge eg kan hugse til å grille, så det må bli bra. Bikinien er frå Victorias Secret om nokon lurte, får skikkelig gladfølelse av den.
Nyt dagen <3 Og tuusen takk for at dokke les bloggen min, utruleg kjekt!
God morgon sunshines!
I morgon kjem endelig kjærasten heim att. Skal bli såå godt å sjå han igjen no. Sommerfuglar i magen <3 Ellers har eg akkurat laga meg frukost, og skal nyte den med ein episode Sex og Singelliv. Sikkert 6 gongen eg ser serien frå ende til annan, men den er jo så sjarmerande. Pluss at der er tusenvis av fine sko å sikle etter. Etter det tenkte eg at eg skulle strikke litt på et pledd som eg har begynt på, håpar det blir bra. Slenger med eit bilete av frukosten min i mangel på noko betre.
Dei som har Instagram har kanskje allereie sett det, og vil du følge meg på Instagram så heiter eg ruthiren
Ha ein herlig dag så lenge <3
Hei fine!
I dag har eg hatt ein innholdsrik dag. Stod opp i nitida, køyrte mamma til frisøren, reiste heim, for til Stryn, kjøpte blender, så fysiotime, så handle matvarer, så heim. No har eg laga tidenes beste smoothie til lunsj. Blåbær, banan, kokosyoghurt og litt skumma melk. Mmm, herlig! Og ja, eg likar å drikke smoothien min frå eit gammalt ølglas.
Ha en kjempefin dag så lenge <3
Skal sei eg vart overlykkelig når desse herlige skopara kom på markedet. For å vere heilt ærleg har eg vore veldig lei av skotrenden dei siste åra. Synst store, klumpete sko med 20cm hæl og platå blir altfor stort på oss med “vanlig” størrelse på føtene. Eg som brukar størrelse 39 føler i alle fall at eg blir Bigfoot i type Jeffrey Campbell. Misforstå meg rett, dei kan vere kjempefine på folk med nette føter og til dei rette kleda. Derfor vart eg kjempeglad når strappy sandals blei trendy igjen, det har eg venta lenge på. Fram til no har det rett og slett ikkje vore å oppdrive nokon plass. Ingenting som er så fint og delikat som sommerbrune føtter med en fresh neglelakk i sandaler. Så til dokke som er enige med meg; her har eg leita fram nokre par frå ulike butikkar.
Snakkast i morgon flotte <3
No har eg akkurat komt heim frå ein spontan jentekveld. Koselig å berre sitte og prate skit med dei fine jentene mine. Blei ferdig med handarbeidet mitt i dag òg som dokke ser. Kjempefresh farge, vart veldig fornøgd! Kva dokke synst?

Måtte ta med eit bilde av den deilige kveldsen min òg, vart så svolta når vi var på veg heim, så mat i magen måtte til. Fruktsalat av banan, epler og mango + litt vaniljeyoghurt og kanel. Mmmm. Håpar dokke får ei kjempefin natt, eg skal i alle fall sove godt i natt kjenner eg. Sliten i kroppen. Snakkast i mora fine <3
I går kveld hadde jentegjengen (- en) tapaskveld. Vi gjor det sånn at vi tok med litt alle, så vi slapp å stå over pannene heile kvelden. Eg sto for foccacia og aioli. Foccaciaen var utrulig enkel å lage. Gjær, vatn, mjøl og salt (+ litt olivenolje). Denne kan jo varierast alt ettersom kva ein likar, men eg beholdt den plain så alle skulle like den. Det du gjer er å løyse opp gjær (50g) i en liter vatn. Ha i 20 gram salt (ca ei spiseskei). Så har du i mjølet (1kg). Pass på å få vekk alle klumpa. La heve i 30 min. Gjæra skal vere ganske klissete, sia den berre skal vendast over i ei langpanne. Når det er gjort, har du over litt olivenolje over heile, og strør på grovsalt. Så skal den stå i ovnen på 250 grader i 25 min. 
Aiolien prøvde eg meg først på frå botnen av, men det slo eg raskt i frå meg. Fekk litt hjelp av mamma her, sidan ho er så flink å improvisere. Det vi gjor var i alle fall å blande litt creme fraiche med litt meir majones. Så pressa eg et kvitløksfedd og hadde i. Så hadde vi i litt cayannepepper, olje, salt og pepper. Voila!
Til dessert ville eg prøve å lage ei sitronterte. Den var fantastisk god i mine auge, litt for frisk/sur i andre sine. Heldigvis hadde Marita diska opp med pannacotta og, så dei leid på ingen måte nokon nød. Uansett, eg følgde denne oppskrifta når eg lagde terta: http://lchf-bloggen.blogspot.com/2012/04/sitronterte.html (og nei, eg går ikkje på noko lav-karbo-diett). Serverast med deilige friske bær.
Såg ikkje det deilig ut vel?
Ha en fin søndag vidare <3