RUTH IREN RAUDI

Kategori: Trening

TREIGIS

God morgen skjønne!

No skal dokke få bilda fra “fjellturen” vår til Sukkertoppen. Var fantastisk deilig vær, og nydelig utsikt. For å vere heilt ærlig, så synst eg det var litt ekkelt opp på toppen. Høgdeskrekk + vind + bratt = no good.

Ha en fin dag så lenge <3

Chicken ala Ruth

God ettermiddag folkens.

I dag blei eg vekt av Vegar til dette:

Deilige grove vafler med brunost på. Mmm, mettande og godt. Rett etter frokost var det ut i vedaskogen. Vegar saga ned tred og kappa dei opp, og eg begynte optimistisk å bere dei opp til traktoren 50m oppafor. Ga fort nok opp kan du sei. Gjekk meg heller en trimtur i fineværet. Deilig!

Tenkte eg skulle legge ut ei lita oppskrift til dokke og. Lagde deilige kyllinglår i går!

Du treng:
- Kyllinglår el. bryst, eller det du måtte ha i kjøleskapet. Eg brukte fire lår.
- Marinade (eg brukte kyllingmarinaden til Caj P, men du kan sjølvsagt lage en sjølv).
- Poteter
- Olivenolje
- Salt og pepper
- Salat av det du lika best.

Tin kyllingen i kjøleskapet over natta. Smør dei inn i marinaden og krydre dei om ønskelig. Sett ovnen på 210 grader og steik dei i 45min.

I mens kutta du opp salaten og potetene i båtar. Ha på olivenolje, salt og pepper på potetene. Når kyllingen har stått i ovnen i ca. 20min, sett du potetene inn i ilag med. Potetene var ikkje heilt ferdig når kyllingen var ferdig, så da satt eg på grill på potetene så dei blei fort ferdige. PS! Dei blir nødvendigvis ikkje svidd, sjølv om marinaden blir svart.

Snakkast seinare <3

ENDELIG HELG

Hei fininga <3

Klokka er to, og eg har allerede fått gjort unda en liten joggetur, fått heim kjæresten, gjort en del matematikk og tatt bilder til dokke. Var absolutt nødt å jogge vekk litt av gangsperra mi etter gårsdagen, men trur det vart berre enda verre. Satsa på det går fort over. Tok en kjapp dusj etter det før eg benka meg på spisebordet med Vegar sine gamle mattebøker. Greit å friske opp litt om eg skulle havne på skule til hausten. Det verste av alt er at det faktisk var litt morsomt, også eg som aldri har likt matte noke særlig. Sikkert fordi eg eegentlig ikkje er nødt å gjere det. No kjem snart mamma og søsta heim igjen òg, så då blir det vel middagsmat om ikkje så alt for lenge. I dag er det salat i pitabrød som står på menyen, jummy!

 

Ha en fin dag så lenge!

JILLIAN MICHAELS

I dag har eg allerede rukke å vore på jobb og trena. Våkna faktisk ganske utkvilt rett før alarmen gjekk i dag tidlig. Det skjer så sjeldent at då må enn berre utnytte det, så eg reiste på jobb sjølv om eg ikkje hadde sagt eg kom (ikkje at det gjor noke, men eg lika å gje beskjed så dei har en viss peiling).

Ja, eg sa eg hadde trena. Og jammen fekk eg køyrt meg, har fått tak i en DVD som eg berre har kika så vidt på. Jillian Michaels – 30 Day Shred heite den. Økta er berre på 20 min, men er fantastisk travelt (i alle fall for meg som er tidenest mest utrente 21åring). Tippa eg får kjenne det i mora ja. No blir det avslapping fram til middagslaging. Blir kyllingwok i dag. Nam!

 

Snakkast seinare <3

 

CHANGES

Dagen vart ikkje heilt som planlagt, men kanskje enda bedre til og med. Reiste til Volda rett etter frukost for å besøke Rebekka og Svein Olav. Heile den nærmaste familien var med faktisk. Mormor og morfar, mamma og pappa, Randi og Oddvar m/gutane, så det var kjempekoselig.  Hadde ikkje vore i leiligheta deira enda heller, så var absolutt på tide. Dei hadde fått det kjempefint til.

No er vi komt heimatt og skal til å ete heimelaga kjøttkaker, mmm! Så blir det sjølvpleie i kveld mens Vegar reise på hyttetur med guttaboys. Tenker det blir jentefilm, badekar, skrubb/maske i kveld. Også kanskje litt styrketrening, har allereie vore på tredemølla en tur. Snakkast seinare <3

 

Treningstøy for vår og sommer

Løpetrøye fra Nike (Nelly.com), Craft refleksvest (x-life.no), Løpetights fra Nike (gmax.no), T-shirt fra Nike (gmax.no), Genser fra Nike (gmax.no), Løpejakke fra Nike (gmax.no), Shorts fra Nike (gmax.no), Anti Blister Sokker fra Nike (nelly.com).

Er så masse fint treningstøy i butikkane no, blir inspirert berre av å surfe å sjå på. Dette er dei tinga som står høgst på ønskelista. Mine favoritter er jakke for våte dagar i en fresh og oppmuntrande farge. Safety first, derfor refleksvest. Hettegenser i en størrelse for stort dersom det skulle vere litt kaldt, fordi det er så digg å jogge i.

Håpa dokke blir like inspirert som eg blei <3

Deilig dag :-)

Då va vi ferdig med svømminga i dag òg, skal sei det gjer godt. Må nok innrømme at det gjekk seigt idag, kjente fortsatt skituren godt i både bein og armar, men gangsperre er den beste smerta seie dei. Klarte i alle fall å slite meg gjennom 1000m, og det var det som var målet, og då må enn vere fornøgde! No er det ganske snart sengetid, før det blir en tur på jobben i mora. Har forresten fått solgt kameraet mitt idag, så no er et nytt på veg i posten. Fujifilm x10, trur det passa meg bedre enn det forrige, ettersom eg aldri tok meg tid til å sette meg inn i det. Skal prøve å huske å gje et pip når det kjem (ikkje at eg trur det blir noke problem, øse!).

Må forresten få nevne kor overvelda eg er over responsen på bloggen. Runda 1000 lesera i dag, på ei veke! Kjempegira mtp at eg trudde det kun va mamma som kom til å lese ;-) Eg er i alle tilfelle veldig takksam.

Sov godt alle sammen <3

Monday, bloody Monday.

God morgen! Eller min har vore litt så som så. Forferdelig trøtt, trur eg blei litt satt ut av å stille klokka, men satsa på eg får snudd trenden. Egentlig er ikkje mandag så gale, sett vekk frå at Vegar stortsett reise opp igjen mandagane. Ny veke, nye muligheiter. Har vore flink dei siste vekene med tanke på både trening og kosthold, så har blitt litt sånn at enn gleda seg til ny veke så enn kan prøve å forbedre seg. Dessuten er mandag fysiodag, og ingenting er så herlig som varme på rygg og skuldrane etterfulgt av massasje. Gleda meg!

Seinare i dag blir det svømming, så skikkelig terapidag med andre ord. Fint å bruke mandagen til sånt, så enn får en best mulig start på veka. Titta sikkert innom før eg reise på svømming òg.

 

Morratrynet mitt ;-)

Travle dagar..sånn vi lika det.

Heisann! Ting har igrunn gått litt i ett sia torsdag. Fredag reiste eg rett fra senga og på besøk til eldste systa og fadderbarnet mitt. Kosa oss med kaffi, sladder og handarbeid. Deilig å kunne gjere på alt og ingenting med familie. Så før eg kom meg der i frå kom kjæresten heim igjen frå Ålesund, og sia han hadde bursdag på torsdag, var det duka for kaffisselskap. Så vi for rett frå søsta til svigermor for å stelle i stand. Vegar har igrunn aldri vore noke kakemoms, så vi lagde vafler og fruktsalat. Nammis. Tok antrekksbilder men har fortsatt ikkje vore heime, så dei får komme i mora.

Dagen i dag har vi brukt til å nyte fineveiret med ski på beina (og snø på rumpa for min del). Egentlig va vi veldig flinke å gjekk langt, men når vi skulle ta snarvegen heim, så blei eg så drittlei at eg tok av meg skia. Vise seg at “løypa” vi valgte ned igjen va av typen “Svart”. Kan vel sei det sånn at Vegar fekk trimma litt magemuskla òg.

No har vi inntatt sofaen etter en deilig fiskemiddag og ser på Kvelden er din. Fint program.

Happy Birthday

I dag har verdens snillaste, mest godhjerta, ærlige, kjærlige og sexye kjæreste bursdag! Håpa du får en kjempefin dag kjære, feiringa tar vi igjen i mora.

Ellers va det første eg gjor når eg stod opp i dag å hoppe inn i treningsklede å komme meg ut før eg klarte å overtale meg sjølv til å la vere. Vart 6km i dag, så må nesten vere fornøgde med det. Begynte så vidt å rydde i klesskapa mine i går kveld, men vart ikkje ferdig før sengetid, så då får eg prøve å få unda resten i dag. Utrulig kor mykje rusk og rask enn tar vare på, som aldri kjeme på moten igjen. Så no skal eg gje dei vekk en gong for alle. Berre tull å ha kle i skapa sine som enn ikkje bruka, dei kjeme mykje bedre med andre plassa. Viss det blir tid skal eg gjere ferdig litt handarbeid som berre har blitt liggande. Skal vise dokke når eg er ferdig.

No er det lunsjtid. Turde ikkje å ete frokost før eg kom meg ut, så er passe svolta no.

Turkis topp//Gina, Svart topp//Gina, Bukse//Lindex, Armband//Litt forskjellig.

Smørblid :-)

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.