RUTH IREN RAUDI

Tag: Jentekveld

ON MY WISHLIST

Hei fine.

Har mekka i hop ei lita ønskeliste idag. Er så sinnsjukt masse fint ute å går for tida, og eg som prøva å vere økonomisk har litt problem med å holde meg i tøylane, men det skal nok gå greit. Dokke får i alle fall et inntrykk av kva eg ville hatt på meg om eg berre kunne.

 Genser frå Nelly – Kjole frå Gina Tricot – Tubetopp frå Gina Tricot – Armygenserane frå Asos – Sølvringar frå Lindex – Neonarmband frå Lindex – Pumps frå Zara – Platform converse frå Storets – Knuckle ring frå Nastygal – Grå genser frå Lindex – Smykke frå Free People – Skjørt frå Nastygal – Grå/kvit genser frå Free People

Forelska meg heilt i armygenserane frå Asos, så dei hadde nok blitt det første eg hadde klikka heim. Sinnsjukt kule! Ellers har det vore  ei fin helg med jonsokfeiring i Markane og jentekveld med Silje i går kveld. Håpar å ta meg på tak og komme meg ut å lufte meg litt seinare. Har ikkje trimma på over ei veke. Har ikkje vore heilt i slag i det siste, men håpar det tar seg opp når eg kjeme skikkelig i gong igjen.

Kjem kanskje innom igjen litt seinare. Ha en nydelig søndag så lenge <3

TAPAS

I går kveld hadde jentegjengen (- en) tapaskveld. Vi gjor det sånn at vi tok med litt alle, så vi slapp å stå over pannene heile kvelden. Eg sto for foccacia og aioli. Foccaciaen var utrulig enkel å lage. Gjær, vatn, mjøl og salt (+ litt olivenolje). Denne kan jo varierast alt ettersom kva ein likar, men eg beholdt den plain så alle skulle like den. Det du gjer er å løyse opp gjær (50g) i en liter vatn. Ha i 20 gram salt (ca ei spiseskei). Så har du i mjølet (1kg). Pass på å få vekk alle klumpa. La heve i 30 min. Gjæra skal vere ganske klissete, sia den berre skal vendast over i ei langpanne. Når det er gjort, har du over litt olivenolje over heile, og strør på grovsalt. Så skal den stå i ovnen på 250 grader i 25 min. 

Aiolien prøvde eg meg først på frå botnen av, men det slo eg raskt i frå meg. Fekk litt hjelp av mamma her, sidan ho er så flink å improvisere. Det vi gjor var i alle fall å blande litt creme fraiche med litt meir majones. Så pressa eg et kvitløksfedd og hadde i. Så hadde vi i litt cayannepepper, olje, salt og pepper. Voila!

Til dessert ville eg prøve å lage ei sitronterte. Den var fantastisk god i mine auge, litt for frisk/sur i andre sine. Heldigvis hadde Marita diska opp med pannacotta og, så dei leid på ingen måte nokon nød. Uansett, eg følgde denne oppskrifta når eg lagde terta: http://lchf-bloggen.blogspot.com/2012/04/sitronterte.html (og nei, eg går ikkje på noko lav-karbo-diett). Serverast med deilige friske bær.

Såg ikkje det deilig ut vel?

Ha en fin søndag vidare <3

 

 

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.